Kva betyr tallene på discene?

Tala på discane fortel korleis discane flyg, også kalla flight rating. Flight rating er delt inn i fire hovudkategoriar: Speed, Glide, Turn og Fade. Desse eigenskapane kan nyttast for å vurdere ulike aspekt på einskilde discar si flyging. Kvar disc har ein særeigen personlegheit; flybana som gjer den discen unik. Flight ratings kan nyttast for å samanlikne discar. Det er viktig å merke seg at flight ratings ikkje bør nyttast for å samanlikne discar på tvers av merker sidan kvar enkelt produsent vurderer discer på ulike måtar. For å lære meir om kva kvar av desse eigenskapane betyr, sjå beskrivingane nedanfor. Flight ratings er baserte på back hand høgrehandskast (RHBH-Right Hand Back Hand).

Speed (1 til 14)

Speed er kor fort ein disc kan bevege seg gjennom lufta. Distance Drivers med speed 14 er dei raskaste discane. Raskare discar skjær gjennom vinden med mindre innsats og er best når ein kastar mot vinden. Saktare discar treng meir kraft for å kaste mot vinden, men dei er enklare å kaste meir presist og kan faktisk gå lengre med vinden. Discar med høg fart blir ikkje anbefalt for nybegynnere sidan dei treng meir kraft for å fly ordentleg.

Glide (1 til 7)

Glide betyr discen sin evne til å halde seg i lufta under flighten. Discar med meir glide er best for nye spelarar og for å oppnå maksimal distanse. Nybegynnere som ønsker meir distanse bør velje discar med meir glide. Discar med mindre glide er meir presise i sterk vind.

Turn (+1 til -5)

High Speed Turn er at discen vender seg eller svinger til høgre (for RHBH-kast) i den innleiande delen av flighten. Ein disc med ein +1- rating er mest motstandsdyktig mot å turne til høgre, medan ein -5-rating vil turne mest. Discar som har ein rating mellom -3 og -5 passar godt til roller-kast. Discar med mindre turn er meir presise i vinden. Discar med meir turn er enklare å kaste for nybegynnere.

Fade (0 til 5)

Low Speed Fade er at discen svinger til venstre (for RHBH-kast) mot slutten av flighten. Fade har ein rating frå 0 til 5. Ein disc med rating 0 vil avslutte mest rett, medan ein disc med rating 5 vil svinge hardt mot slutten av flighten. Discar med høg fade vert vanlegvis brukt til Spike- og Skip-kast.